Dei seinaste dagane har Ungdomens Nordiske Råd og Nordisk Råd vore samla på januarmøte i København. Det har vore hektiske dagar, med mykje innhald. Vi har fokusert på resolusjonane frå sesjonen åt Ungdomens Nordiske Råd i Stockholm 2019, og arbeider for å få fram desse. Ungdomen er representerte i alle utvala åt Nordisk Råd.
Det har vore viktig i presidiet åt Ungdomens Nordiske Råd å lyfte fram trongen for finansiering som heilt turvande for å kunne gjennomføre arbeidet på ein god måte. Vidare har vi fokus på å halde god kontakt mellom dei fysiske møta, og vere med i utviklinga av det nordiske samarbeidet.
Vi fekk høve til å vitje Dansk Ungdoms Fællesråd, der dei har eit samarbeid mellom svært mange ulike ungdomsorganisasjonar, som ikkje er idrettslag. Dei er verkeleg eit viktig talerøyr for ungdomen inn mot politikken, og har no eit fokus på det nordiske samarbeidet.
I tillegg vart det arrangert eit historisk seminar om skandinavismen, det nordiske samarbeidet gjennom tida og med eit fokus på den tysk-danske grensa. I 1864 gjekk hertugdøma Slesvig (Schleswig) og Holsten (Holstein) over frå dansk til tysk kontroll. I 1920 vart det røysta over det, og hertugdømet Slesvig vart delt i to. Dette vert på dansk side kalla «genforening», i og med at Nord-Slesvig på nytt vart ein del av det danske kongeriket. Det var ei brei oppfatning om at Norden vert prega av det som skjer utanfor, og at vi er ein del av noko større, men at dette ikkje bør hindre oss i å samarbeide.
Kvart av utvala i Nordisk Råd har to representantar frå Ungdomens Nordiske Råd. Resolusjonane frå sesjonen i Stockholm skal vi prøve å bringe fram og kaste ljos over i utvala. Døme på resolusjonar kan vere meir fokus på Norden i skulen, enklare bankoverføringar mellom nordiske land, auka samarbeid innanfor helsevesenet og likare transport- og billettsystem.
I utvalet for velferd i Norden fekk vi høyre om det flotte arbeidet som vert gjort på Beitostølen Helsesportsenter, der dei som har trong for ekstra tilpassing av hjelpemiddel kan få eit opphald her, og få den støtta dei treng. Dei har sett på dei ulike systema i Norden innfor hjelpemiddel som er etla for bruk av personar med nedsett funksjonsevne, og som kan gjere det lettare for dei å vere i fysisk aktivitet. Dei nordiske landa var heilt ulike på dette feltet, og vi har mykje å lære frå kvarandre. Det er liten tvil om at nordiske standardar og eit likare system truleg hadde gjort Norden til ein større marknad, og vore avgjerande for å gjere desse tenestene endå meir beredyktige og til større nytte for lågre pris.
Alt i alt er det mykje som ligg på dei vaksne politikarane i Nordisk Råd, den interessa og det ynsket dei har om å lyfte fram ungdomssaker. I og med at vi, i Ungdomens Nordiske Råd, ikkje har rett til å leggje fram resolusjonar i Nordisk Råd, er vi heilt avhengige av dei vaksne. Mange vaksne politikarar ser ut til å skjøne kor nyttig det kan vere å få fram dei sakene Ungdomens Nordiske Råd har arbeidd med.
Sjølv har eg stor tru på eit auka nordisk samarbeid, som har brei støtte og eit enormt potensiale. Mange interesserte og samarbeidsviljuge vaksenpolitikarar gjev verkeleg eit von om meir ungdomssatsing. Samstundes er det lite tvil om at det må liggje meir trykk bak avgjerslene om vi skal nå fram med dei måla vi har sett oss. Om vi skal verte den best integrerte regionen i verda, lyt vi nok ha eit samarbeid som i større grad er bindande.
Dag Henrik Nygård
Presidiemedlem i Ungdomens Nordiske Råd, observatør frå Foreningerne Nordens Ungdomsforbund