Dei tidlege haustteikna har kome til syne. Oslo by er regntung og menneska som befolker han søkjer tilflukt innanfor kaféanes lune veggar. På designkaféen Oslo K på Fagerborg truar regnet au, og kundane sit innhylla blant bøkar, pc-skjermar og kaffikoppar. Eg møter Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, for ein kopp kaffi og ein snakk om moglegheitene til nynorsken, om sidemål som eit bindeledd i eit nordisk-språkleg perspektiv og kampen om fremjinga av nynorsk og andre minoritetsspråk.
Me forsøkjer å overdøyve kaffikvernas larm og bajonettens dunken medan Gunnhild innleiande fortel om kvifor nynorsk og kampen for å fremje han er så viktig for ho.
- Eg ramla litt ned i nynorsken på eit vis. Eg er oppvaksen i Tromsø, og der er ikkje den nynorske tradisjonen så sterk. Difor hadde eg bokmål som hovudmål. Etter kvart som me fikk lære nynorsk på vidaregåande synast eg det var så fint at eg bestemde meg for å lære båe nynorsk og bokmål skikkeleg. Nynorsk er au mykje nærare knytt til dialekta mi. Når eg skriv på nynorsk får eg i større grad uttrykt kva eg tenkjer på ein enklare måte. Når eg skriv på bokmål kjennar eg ein slags distanse frå mi eiga stemme og dialekta mi. Eg har på sett og vis funne språket mitt i nynorsken.
Skjold gjer også uttrykk for verdia av den demokratiske tanka som lig bak nynorsken- tanka om å finne eit språk for heile landet. Ivar Aasen var sjølv i sine tidlege tjueår då han reiste gjennom Noreg for å samle dialektar og gje Noreg sit eige språk. Folkeopplysinga vart eit mål for alle og ikkje berre eliten. Det er, på set og vis, nokre verdiar som lig innfeld i språket og som samstundes forsterkar betydinga av språket i seg sjølv.
Når ein pratar om nynorsk, er det nestan umogleg ikkje å komme innom konnotasjonar til skuleelevar som omskriv den tradisjonstunge gule nynorske ordboka til "spynorsk mordliste" og som motset seg å lære eit nyt skriftspråk. Kor kjem desse haldningane frå?
- Ein ser bokmål rundt seg overalt. Kvar gong ein opnar ein bok, skrur på TV-en eller ser på Netflix vil det nestan alltid vere skriven på bokmål. Når ein er så omgjeven av bokmål blir det nærmast rekna for å vere eit nøytralt språk. Ein har kanskje også nokre stereotypiske førestillingar om korleis ein nynorsk-brukar ser ut eller synar seg. Likevel finnast det ein større diversitet bland nynorskbrukarane enn kva ein kanskje førestil seg.
I det målpolitiske grunnlagsdokumentet til Norsk Målungdom kan ein lese at ein av deira visjonar er å bevare og verne om språkmangfaldet. "Norske dialektar, skriftspråk og mindretalsspråk er Noregs bidrag til det globale språkmangfaldet", står det skriven på heimesida deira. Eit av fokusområda deira har til dømes vore bevaring og fremjing av minoritetsspråk. Mellom anna har kvensk og samisk språkkultur vore eitt av fokusområda deira.
- Vi likar å seie at vi både er for nynorsk og for språklege minoriteter. Alle skal få lov til å bruke sitt eige språk. Dei som kjennar ein tilknyting til det, bør få lære kvensk på skulen og bruke samisk i kvardagen sin. Deira kamp for å få bruke sit språk heng nært saman med vår kamp for å få bruke vårt eige, nynorske, språk. På sommarkurset vi arrangerte i år, vert urfolksspråk hovudtema for leiren.
Den nordiske dimensjonen
Det norske språket har au klara forbindingar med det danske. Målstrida har opphav frå unionstida med Danmark og dansk vert det rådande skriftspråket gjennom lang tid.
Eg spør Gunnhild om ho kan sjå nokre forbindingar mellom nynorsk og språklege minoritetar i ein nordisk samanheng.
- Når ein kan fleire språk blir det au enklare å lære andre språk. I Noreg er det kanskje ei større aksept for at vi har fleire språk og eit stort og rikt dialektmangfald. Fleire politikare, folk i mediebransjen og sjølv statsministaren pratar si eiga dialekt i møte med andre. Det er kanskje ikkje ein sjølvfølge i andre nordiske land.
I Noreg har vi i det heile eit rikt dialektmangfald og eksponeringa for ulike språkkulturar i kvardagen gjer oss kanskje meir disponert for også å forstå andre nordiske språk betre. Dei norske barna som vaks opp på 90-tallet og tidlegare, har mellom anna vore eksponert for den svenske barne-tv-kulturen. Lindgrens Emil i Lönneberga, Pippi Långstrump og Ronja Röverdotter er nestan å rekne som bautaer i deira barnekulturelle kanon.
Samanlikna med denne svenske tradisjonen, vert ikkje dei norske barna eksponert for dansk barne-tv i like stor grad. Til dømes har vi sett nokre av H.C Andersens historier på TV-skjermen, men dei har alltid vore dubba og bliven attgjevne på norsk. Det har heller ikkje blitt vist nokre av dei tradisjonstunge danske barne-tv-seriane som «Rasmus Klump», «Bamse og kylling» eller noko av same barnekulturhistoriske kaliber, verken i dubba eller i original språkdrakt i Noreg.
Det har i det heile vore ein veksande tendens at dei skandinaviske TV-programma vert dubba frå originalspråket deira. Inneber ikkje ei slik negativ utvikling ei implisitt nedvurdering av barnas evne til å forstå nabospråka? Og fungerer det ikkje kontraproduktivt for fremjinga av nabospråksforståinga at barn ikkje lengre for øving i å høyre dei skandinaviske språka gjennom desse kanalene? Dette har også vore eit omdiskutert tema innan FNUF og ein av fanesakene til Foreningen Norden i 2012.
Gunnhild poengterer at ein måte å førebyggje språkhindringar nettopp kan være å slutte å dubbe dei nordiske språka. Engelsk språkpåverknad, innføring av lånord og mindre synlegheit av nynorsk og andre minoritetsspråk gjer at mangfaldet blir gløymd, utviska og erstatta av eit fattigare språk. Språkmangfaldet må gjerast synleg og tilgjengeleg. Ein må setje fokus på verdia av å forstå og lytte til andre språk og dialektar. For lig det ikkje også ei uvurderleg verdi i styrking av språkleg gehør og utvekling av musikalitet i det å forstå setningsmelodien, tonaliteten og oppbygginga til eit anna språk?
Ved å styrke nabospråkforståinga og verdsette dei språklege variasjonane, nasjonalt så vel som internasjonalt, vil vi motgå ein einspråkleg kultur der eit hovudspråk tronast som det nøytrale språket. Difor kjempar Norsk Målungdom, med Gunnhild Skjold i spissen, ein uvurderleg kamp.
Det regner framleis utanfor. Gunnhild og eg tek kvar vår paraply og stig ut i det septemberstemde Oslo.
Martha Aagre Pettersvold,
Prosjektmedarbeidar hjå FNUF