Nordisk leiarkurs for ungdom

Onsdag til sundag, 19. – 24. mars var over 20 ungdomar frå fleire land samla i København for å vere med på leiarskapskurset som vart arrangert av Nordisk Samorganisation for Ungdomsarbejde. Det var ungdomar frå heile Norden og nokre andre land. Saman kunne vi lære frå kvarandre, utveksle røynsler, betre dugleikane og verte rusta for å kunne leggje til rette for gode ungdomsarrangement i framtida. Dette vil gagne ungdomar i heile Norden.

Det var eit variert program, men vi arbeidde mykje saman i grupper. Dette gjorde at vi vart godt kjende med kvarandre, og vi hadde tydelege oppgåver å arbeide med, soleis at det vart både effektivt og produktivt. Gjennom aktiv læring, rollespel og kreative tilnærmingar til teori, er dette programmet etla for å verte nyttig seinare i livet. Vi får no høve til å leie ungdomsarrangement som vi har vore så heldige at vi har fått vere med på sjølv.

Vi var ei samla gruppe, med mange ulike språk, kulturar, utdanningar og bakgrunnar. Dette gjorde oss svært mangfaldige i grupper, og difor var det særleg nyttig med gruppearbeid. I tillegg fekk vi lære om kultur, språk og historie frå dei andre deltakarane, både under gruppearbeidet og i mindre formelle samanhengar.

Særleg godt likte eg fokuset på arrangementa som skal vere framover, der vi kunne utvikle desse prosjekta gjennom å arbeide med eit førebels oppsett og eit program med dei viktige linene på plass. Dette gjer at vi, som unge deltakarar, får eigarskap til arrangementa som skal vere. Det eine arrangementet har namnet «Back to the roots» og skal vere i Ilulissat (Jacobshavn) på Grønland i august. Her er fokuset å finne fram det historiske, både med omsyn til bustad, handarbeid, matkultur og næringsverksemd i heile Norden. Det andre arrangementet skal vere i Helsingfors i september, og har namnet «LoopLife», med fokus på gjenbruk og miljø.

Inspirerande å sjå korleis Nordisk Samorganisation for Ungdomsarbejde nyttar det nordiske samarbeidet til å strekkje seg lenger og til å nytte praktiske arrangement for å skape eit auka nordisk samarbeid for ei brei gruppe av ungdomar. Tusen takk og lukke til med viktig arbeid!

 

Dag Henrik Nygård,

nestleder i FNUF

To FNUF’ere deltog i NSU’s kursus: Emma Jacobsson og Dag Henrik Nygård (nr. et og to fra venstre).

To FNUF’ere deltog i NSU’s kursus: Emma Jacobsson og Dag Henrik Nygård (nr. et og to fra venstre).