I år er det eit heilt spesielt år for det nordiske samarbeidet. Dei skandinaviske landa fekk Foreningen Norden i 1919, rett etter den fyrste verdskrigen. I år fyller vi hundre år, og det vart feira i konserthuset åt Danmarks Radio den 15. april. Vi valde å leggje vårmøtet til den 14. og 15. april for å kunne vere med på dette arrangementet.
Allereie morgonen på palmesundagen, den 14. april, vart arbeidsutvalet samla for å gå gjennom programmet og saklista for vårmøtet. Arbeidsutvalet skal spele ei aktiv rolle og tek avgjersler mellom vårmøta og haustmøta, som er dei to møta vi har gjennom året, og som tek alle viktige og store avgjersler.
Denne gongen var det fleire nye med på møtet, og fleire som ikkje hadde vore med så lenge i dei nasjonale organisasjonane heller. Friske krefter er alltid inspirerande. Det er berre på denne måten at det nordiske samarbeidet kan utvikle seg, og at organisasjonen vår kan vere aktuell i samfunnet.
På vårmøtet vel vi kvart år eit arbeidsutval. I tillegg vel vi ein representant og ein vara til Ungdomens Nordiske Råd. I år valde vårmøtet Iris Dager (Island) til leiar, Dag Henrik Nygård (Noreg) til nestleiar og Veera Hellman (Finland) til medlem. Saman utgjer desse tre arbeidsutvalet. Vidare valde vårmøtet Dag Henrik Nygård (Noreg) til representant for UNR, medan Guðrún Fjóla Gúðmundsdóttir (Island) vart vara.
Det har vorte ein tradisjon at vi har skrive ein uttale frå kvart møte om noko vi meiner er viktig. Denne gongen valde vi å klima, med overskrifta «Gör klimatet till en nordisk prioritet».
Med ynske om ei retteleg god påske til kvar og ein i heile Norden.
Dette indlæg er skrevet af Dag Henrik Nygård, næstleder i FNUF.
Udtalelsen finder du her.